Personvernerklæring for Hjorteviltregisteret, Fallvilt og Sett og skutt
Her finn du informasjon om kva personopplysningar Hjorteviltregisteret samlar inn, kvifor vi gjer dette og rettane dine knytt til behandlinga av opplysningane.
Hjorteviltregisteret omfattar Hjorteviltregisteret.no, appen "Sett og skutt" og appen "Fallvilt".
Hjorteviltregisteret er eigd av Miljødirektoratet. Sjå personvernerklæring for Miljødirektoratet her.
Derfor tek Hjorteviltregisteret vare på personopplysningar
Innhenting av personopplysningar skal ta vare på oppgåver innanfor offentleg hjorteviltforvaltning. Det skal òg bidra til å gi brukarar av Hjorteviltregisteret best mogleg brukarrettleiing.
Innhenting av personopplysningar
Brukarar med utvida tilgang til Hjorteviltregisteret
For personar som skal opprette ein brukarkonto som gir utvida rettar i Hjorteviltregisteret, ber vi om namn, adresse, telefonnummer, e-postadresse og tilhøyring til arbeidsgivar eller annan organisasjon relevant for bruken av Hjorteviltregisteret.
Vald- og jaktfeltansvarlege
Hjorteviltregisteret tar vare på personopplysningar om jaktfelt- og valdansvarlege som kommune eller villreinnemnd registrerer. Dette er namn, adresse, telefonnummer, e-postadresse og institusjonstilhøyring dersom det er relevant.
Jegerar
Ved innlogging i Hjorteviltregisteret eller Sett og skutt-appen, legg jegerar inn jegernummer og fødselsdato. Opplysningane blir sende til Brønnøysundregisteret som gir beskjed om det er ein match mellom jegernummer og fødselsdato. Hjorteviltregisteret lagrar ikkje fødselsdato. Hjorteviltregisteret lagrar jegernummer slik at brukaropplevinga kan tilpassast jegeren. Vi ber òg om namn, telefonnummer og e-postadresse, det siste er frivillig å registrere.
Brukarar som ikkje legg inn data
For ålmenta, altså brukarar som ikkje loggar inn ved hjelp av brukarnamn eller jegernummer, behandlar vi personopplysningar ved hjelp av informasjonskapslar (cookies), sjå lenger ned.
Overføring og lagring av data
Alle opplysningar som blir overført mellom datamaskina di og sørvarane våre føregår over ei sikker linje (HTTPS). Opplysningane blir bevarte på sørvarar som blir drifta av Miljødirektoratet.
Lagringstid
Opplysningar om personar som ikkje har registrert data i Hjorteviltregisteret kan slettast.
Brukarar som har registrert data vil ikkje bli sletta fordi databasen bruker koplinga mellom registrator og sak av omsyn til historikk og datakvalitet. Slike brukarar blir eventuelt deaktiverte i systemet og vil ikkje kunne logge inn.
Kven kan sjå personopplysningane dine i Hjorteviltregisteret?
I den opne innsynsløysinga blir ingen personopplysningar vist.
Enkelte opplysningar blir tilgjengeleg for eit utval brukarar for å sikre moglegheit for kommunikasjon under jakta, og for å sikre ein korrekt rapportering i tråd med regelverket. Dette er beskrive under.
Opplysningane "vald- og jaktfeltansvarlege" er tilgjengelege for andre registrerte brukarar med utvida rettar innanfor det same geografiske området, til dømes kommunebrukar eller villreinnemndsekretær.
Namn, e-postadresse og telefonnummer til vald- og jaktfeltansvarlege er tilgjengelege for jegerar som loggar inn i Hjorteviltregisteret eller Sett og skutt-appen og går inn på same vald og jaktfelt.
Namn og telefonnummer til jeger som har registrert felte dyr eller jaktdagar blir tilgjengeleg for valdansvarleg og kommune eller villreinnemnd.
Jegerar kan sjå namnet på andre jegerar som har rapportert data på same jaktfelt som vedkommande går inn på.
Namn på ettersøkspersonell som har rapportert fallvilt er tilgjengeleg for kommunen og andre brukarar med utvida tilgang, til døme bestandsovervakingsprogrammet for hjortevilt.
Tilgang til eigne personopplysningar
Innlogga brukarar finn personopplysningane sine under "Profilen min". Jegerar, jaktfelt- og valdansvarlege og andre kan kontakte Naturdata AS for å få innsyn i eigne personopplysningar i Hjorteviltregisteret.
Utlevering av personopplysningar
Miljødirektoratet er omfatta av offentleglova. Vi utleverer personopplysningar om deg til offentlege styresmakter og andre utanforståande når dette følger av ein lovbestemt opplysningsplikt eller opplysningsrett. Overføring av personopplysningar til databehandlarane våre blir ikkje sedde på som utlevering.
Overføring av personopplysningar til utlandet
Vi utleverer ikkje personopplysningar frå Hjorteviltregisteret til andre land.
Følgjande informasjonskapslar blir brukte i Hjorteviltregisteret
Namn | Kjelde | Hensikt | Levetid |
---|---|---|---|
.AspNetCore.Cookies | Hjorteviltregisteret | Desse blir oppretta når du loggar inn på Hjorteviltregisteret, og er knytt til den innlogga brukaren din | Forsvinn når du loggar ut av løysinga. Hvis du vel å bli huska ved innlogging er levetida 24 timar, hvis ikkje forsvinn dei når nettlesaren blir lukka |
.AspNetCore.Identity.Application | Hjorteviltregisteret | Desse blir oppretta når du loggar inn på Hjorteviltregisteret, og er knytt til den innlogga brukaren din | Hvis du vel å bli huska ved innlogging er levetida 24 timar, hvis ikkje forsvinn dei når nettlesaren blir lukka |
.AspNetCore.Antiforgery.* | Hjorteviltregisteret | Anti-forgery token - Når du fyller inn eit skjema, blir dette brukt for å unngå eit CSRF-angrep | Maksimal levetid er til nettlesaren blir lukka |
ai_session | Hjorteviltregisteret | Blir brukt for Application Insights, eit verktøy for å samle statistikk om feil og yting for applikasjonar. Dette er ein anonym sesjonsidentifikator | 24 timar |
ai_user | Hjorteviltregisteret | Blir brukt for Application Insights, eit verktøy for å samle statistikk om feil og yting for applikasjonar. Dette er ein anonym brukaridentifikator | 30 minutt |
Slik administrerer du informasjonskapslar (Nettvett)
Tenesteleverandørar til Hjorteviltregisteret
Bouvet ASA er leverandør for teknisk utvikling og vedlikehald. Naturdata AS er leverandør for support og utvikling. Norsk institutt for naturforsking er leverandør av data frå nasjonale overvakingsområde.
Ein eigen databehandlaravtale mellom Miljødirektoratet og dei tre leverandørane regulerer kva informasjon leverandøren har tilgang til og korleis den skal behandlast.
Kommunar treng ikkje eigen databehandleravtale for Hjorteviltregisteret. Kommunen og Miljødirektoratet er begge definert som viltorgan etter viltlova, og har tilstrekkeleg behandlingsgrunnlag for data etter same lov.